Asplan Viak har vore engasjert av Hordaland Fylkeskommune for å identifisere utfordringar knytt til infrastruktur og behov for reiselivsnæringa i fylket, og peike på moglege tiltak.

Eit overordna mål i prosjektet er å leggje til rette for utvikling av ei berekraftig reiselivsnæring i Hordaland. Strekningar, reisemål og tiltak er prioritert basert på kvar det i dag er størst utfordringar ut frå målsettinga om berekraft i reiselivet.

Prosjektet er ein del av eit heilskapleg arbeid med å betre føresetnadene for reiselivsnæringa, og arbeidet byggjer på den nasjonale reiselivsstrategien, reiselivsstrategien for Vestlandet og eit overordna mål om å utvikle ei berekraftig reiselivsnæring. Det er i arbeidet òg gjennomført to arbeidsverkstader der aktørar frå reiselivsnæringa og interesseorganisasjonar har delteke i tillegg til Statens vegvesen, kommunar og fylkeskommunen.

Det har vore fleire år med ein sterk vekst i turisttrafikken i fylket, og nokre strekningar og reisemål har hatt utfordringar som følgje av dette, mellom anna når det gjeld kapasitet og kvalitet på utsiktspunkt, rasteplassar, parkering, toalett og bubilfasilitetar. Ein auke i utanlandske besøkande gjer og at informasjon og skilting langs vegane blir meir krevjande. Det er og ein sentral problemstilling korleis lokal næringsverksemd skal nyte godt av veksten i turismen, der det å føre dei reisande til tettstader og sentrumsområde kan gje positive ringverknader.

Langs tre utvalde strekningar i Hardangerregionen er det føreslått ein rekkje tiltak for å betre fasilitetar for reisande langs vegane. Tiltaka inkluderer både tiltak som vil vere eit fylkeskommunalt ansvar, og tiltak der reiselivsnæringa sjølv, kommunane og Statens vegvesen, eller fleire aktørar saman, har eit ansvar.

Kompetanseområder Samfunnsplanlegging og analyse
Lokasjon Hordaland
Oppdragsgiver Hordaland fylkeskommune
Fagområder Samfunnsplanlegging og analyse
Tidsrom 2017-2018

Relatert innhold

Asplan Viak har utviklet et gratis verktøy som alle by- og stedsutviklere kan bruke for å styrke sosial bærekraft i sine prosjekter. Illustrasjon: Asplan Viak.
Nyhet

Asplan Viak lanserer nytt verktøy som styrker sosial bærekraft i by- og stedsutvikling

Les mer
Illustrasjon: Asplan Viak
Nyhet

Asplan Viak lager levekårsundersøkelser for norske kommuner

Les mer
Det nye 3D-verktøyet gjør det lettere for kommunene å vurdere hva som er privatisering av strandsonen og ikke. Foto: Asplan Viak
Nyhet

Strandsoneplanlegging i 3D gjør det lettere å vurdere hva som er privatisering

Les mer
Foto: Sean Stratton / Unsplash
Prosjekt

Evaluering av Fjellprogrammet

Les mer