Fire gonger høgare effekt i nye Øksenelvane kraftverk
I nye Øksenelvane kraftverk blir effekten fire gonger høgare enn i dagens anlegg. Høgare effekt gjer det mogleg å produsere meir kraft når behovet er størst og prisane høgast. Fotomontasje: Sogn og Fjordane Energi
Det nye kraftverket vil få ein meir fleksibel kraftproduksjon, noko som er viktig i dagens marknad.
I Ålfoten i Nordfjord investerer Sogn og Fjordane Energi (SFE) 1,2 milliardar kroner i eit nytt kraftverk inne i fjellet. Når anlegget står ferdig, blir effekten fire gonger høgare enn i dagens kraftverk.
Nye Øksenelvane kraftverk blir bygd ved sidan av det opphavlege anlegget frå 1953, som blir halde i drift gjennom heile byggjeperioden.
– Den største forskjellen mellom dagens og det nye kraftverket er tilpassinga til den marknadssituasjonen som er i dag. Der er fleksibilitet i drifta eit nøkkelord. Effekten i kraftverket er difor auka med om lag firegongen, frå 28 til 110 MW installert effekt, fortel senioringeniør og prosjektleiar Tore Feten i SFE.
Tore Feten er senioringeniør i Sogn og Fjordane Energi og prosjektleiar for nye Øksenelvane kraftverk. Foto: Øystein Torheim
Høgare effekt gjer det mogleg å produsere meir kraft når behovet er størst og prisane er høgast.
Kraftverket blir i tillegg bygd for raske reguleringar. Det er av stor verdi i dagens og morgondagens samfunn som eit supplement til uregulert kraftproduksjon frå elve-, vind- og solkraft.
– Produksjonen i kraftverket vil auke med om lag 21 GWh årleg, noko som i seg sjølv har stor samfunnsverdi, seier Feten. Forventa årleg straumproduksjon blir 173 GWh.
Følgjer arbeidet inne i fjellet
Asplan Viak har levert ingeniørgeologisk rådgjeving til SFE sidan utbyggjinga starta i august 2025.
– Vi vurderer bergsikring og tetting av fjellet, og drøftar fortløpande saman med entreprenøren kva som er dei beste løysingane for prosjektet, seier ingeniørgeolog Leif Egil Friestad i Asplan Viak.
Det nye kraftverket skal vere klart for produksjon mot slutten av 2028. Anlegget vil liggje 500 meter inne i fjellet og omfatte om lag 3,5 kilometer med tunnelar, bergrom og fjellhallar.
På anlegget går arbeidet no med vanleg tunneldrift som boring, lading, sprenging, lasting og rensk. Så langt har berget vore svært godt, fortel Friestad.
– Det som er spesielt spennande med kraftverksprosjekt, er dei ulike geometriane. Vi jobbar med alt frå dei minste tunneltverrsnitta til store hallar, før sjølve kraftstasjonen til slutt kjem med endå større dimensjonar.
Han rosar samarbeidet mellom byggherre, entreprenør og rådgjevar.
– Det er god stemning i prosjektet, og enkelt å samarbeide om å finne gode løysingar, seier Friestad, som til dagleg jobbar ved Asplan Viak sitt kontor i Volda.
Ingeniørgeolog Leif Egil Friestad jobber som rådgiver på Asplan Viaks kontor i Volda. Foto: Asplan Viak
Steinmassane får nytt liv
Totalt skal det sprengjast ut om lag 400.000 kubikkmeter stein. Over halvparten av massane er allereie tekne ut.
Tore Feten i SFE fortel at all stein som ikkje blir nytta i anlegget eller i lokale prosjekt, blir skipa ut og brukt av andre entreprenørar i området. Dermed har prosjektet unngått å deponere stein i sjø eller på land utan at massane kjem til nytte.
– Vi har jobba godt og lenge for å unngå å dumpe steinmassar i sjøen. All tunnelmasse vil no bli nytta til gode tiltak. Mellom anna vil ei naudsynt utfylling for riggområdet få etterbruk som eit friområde. Det skjer i samråd med lokalsamfunnet og kommunen, seier han.