Skip to content

Varsel om oppstart av planarbeid, detaljreguleringsplan for Borlaugshagen næringspark

Vi varslar med dette oppstart av planarbeid for Borlaugshagen næringspark i Lærdal kommune i henhald til §12-8 i plan- og bygningslova. Asplan Viak AS gjennomfører planarbeidet på vegne av Filefjell Hytteservice AS.

Oppstartsmøte med Lærdal kommune vart først gjennomført 26. april 2024. Etter oppstartsmøtet har planarbeidet vorte redusert. Det er halde møte med kommunen undervegs, og seinast den 11. november 2025.

Føremålet med planen er å leggje til rette for næringsverksemd, i tråd med dagens bruk. Det er tidlegare opna for næringsverksemd på dette arealet gjennom dispensasjon, og formålet vil no vere å regulere denne bruken permanent i tråd med areal avsett i kommuneplanen sin arealdel. Det vil vere viktig i planarbeidet å sikre gode overgangar til omkringliggande terreng og landskap. Det er på noverande tidspunkt ikkje sett behov for å regulere fleire plannivå, anna enn på bakken.

Planstatus
Området er sett av til næringsverksemd, LNFR og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone i Kommuneplanen sin arealdel (KPA) 2023 – 2035, Lærdal kommune

Konsekvensutgreiing
Planarbeidet er vurdert til å ikkje falle inn under kriteria i Forskrift om konsekvensutgreiingar. Tiltaksområdet er konsekvensutgreia i tidlegare reguleringsplan for E16 frå Borlaug til Brusestølen av Statens vegvesen.