Varsel om oppstart av planarbeid – Detaljregulering for Skipsdalen, gbnr 35/171 m.fl. – Straume
I medhald av plan- og bygningslovens §§ 12-3 og 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for Skipsdalen, gbnr 35/171 m.fl. – Straume i Øygarden kommune, med planID 20260002. Det blir samstundes varsla oppheving av dei delane av eksisterande reguleringsplanar som ligg innanfor planområdet; Reguleringsplan for deler av gnr. 35 Straume, gnr. 36 Foldnes og gnr. 41 Arefjord (planID 124619840002, vedteken i 1984), 4-0 RP Åttringjen, Foldnes II (36) (planID 124619740001, vedteken i 1974), 75 RP Litlesotra kyrkje (36) (planID 124619990006, vedteken i 1999) og 260 RP Straume DPS, Felt B3 (35-251) (planID 124620060012, vedteken i 2009).
Tiltakshavar er Øygarden kommune. Plankonsulent er Asplan Viak AS.
Planen skal leggje til rette for ny sjukeheim med inntil 120 plassar. Planområdet er på ca. 64 daa og er delvis ubygd. I tillegg inngår gravplass med kapell, bustadareal, fv. 5240, og kommunal veg Skiftedalsvegen med snuplass og parkering, i det varsla areal. Planområdet ligg mellom Foldnes skule og «Helselandsbyen» på Straume. I vest grensar planområdet til sjø, og i aust til Skiftedalsvatnet. Arealet er i gjeldande arealdel til kommuneplanen (planid 124620130020) sett av til offentleg eller privat tenesteyting, friområde, bustad og veg.
Planen skal konsekvensutgreiast for tema; friluftsliv/by- og bygdeliv, naturmangfald og landskap. Det er ikkje krav om planprogram. For meir informasjon sjå nettsidene til Asplan Viak, https://www.asplanviak.no/kunngjoringer, eller nettsidene til Øygarden kommune.
Merknader til oppstartsmelding kan sendast innan 30.03.2026 til: Asplan Viak AS (merk med referanse «634126-14»), Postboks 2304, Solheimsviken, 5824 Bergen, eller på e-post til Skipsdalen@asplanviak.no.