Ferjekaien vart rusta opp i perioden 2013-15. Asplan Viak var ein sentral aktør i planlegginga av den utvida ferjeterminalen med tilhørande parkering og nytt veganlegg.

Lavik ferjekai ligg på nordsida av Sognefjorden i Høyanger kommune og er ein del av strekninga E39 Hordaland grense - Skei. Ferjekaien har hatt for liten oppstillingsplass og for dårleg tilkomst i mange år. Difor var det behov for å utvide ferjekaien og legge om tilkomstveg, oppstillingsplassar og parkering og betre tilhøva for buss og gåande.

Asplan Viak fekk oppdraget med å utarbeide komplett byggeplan for kaiområde  og tilhøyrande veganlegg. For å optimalisere plangrunnlaget som var lagt til grunn for oppdraget, valde vi å starte opp arbeidet med ein kreativ fase, der det blei sett på løysingar for formgjeving, universell utforming, trafikktryggleik, kapasitet o.s.v. Kvaliteten vart sikra gjennom bruk av tverrfagleg personell som sikra at løysingane vart funksjonelle, gjennomført på ein teknisk og økonomisk god måte, og fekk eit godt estetisk uttrykk.

Resultatet vart ein ny og større ferjekai som er bygd i betong og står på pelar i sjø. Det er laga ein  sentrisk pir slik at to ferjer kan legge til på same tid. Tal på oppstillingsplassar er auka til 135. Tilkomstvegen, som tidligare gjekk gjennom Lavik sentrum er lagt om. Ny E39 går no austover langs strandlinja, ein strekning på om lag 550 m frå ferjekaien og fram til eit nytt kryss med fv. 607. Deler av strekningen går på betongbru over sjøen. Tidlegare tilkomstveg er bygd om til gang- og sykkelveg.

Asplan Viak har levert tekniske planar for veganlegg, handtering av overflatevatn, VA-anlegg, høgdebasseng, terrengutforming, støytiltak, miljøtiltak, servicebygg og aggregatbygg.  

Anleggstart var våren 2013, og nytt anlegg vert opna hausten 2015.

Prosjektkategori Kollektivtrafikkanlegg
Kompetanseområder Samferdsel
Leveranse Byggeplan
Oppdragsgiver Statens vegvesen region vest
Fagområder veg, vann og avløp, landskap, bygg, elektro og konstruksjoner
Tidsrom 2010-2015
Samarbeidspartnere Aas Jakobsen (ferjekai og bru/betongdelen)
Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak
Foto: Jon Molmesdal
Foto: Jon Molmesdal
Foto: Jon Molmesdal
Foto: Jon Molmesdal
Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak

Relatert innhold

Prosjektet er 3D-modellert i Bimsync. Illustrasjon: Asplan Viak
Prosjekt

Dronning Mauds gate

Les mer
Illustrasjon: Asplan Viak
Nyhet

Asplan Viak ser på muligheter for bybåt i Bergen

Les mer
Foto: Asplan Viak
Prosjekt

Lura Bydelssenter

Les mer
Foto: Asplan Viak
Prosjekt

Leaparken barnehage

Les mer