Søfteland er omgitt av eit aktivt jordbruk som held landskapet omkring tettstaden ope. Foto: Asplan Viak
Søfteland er omgitt av eit aktivt jordbruk som held landskapet omkring tettstaden ope. Foto: Asplan Viak

01

Høgdelagskart med inndeling i delområde. Illustrasjon: Asplan Viak
Høgdelagskart med inndeling i delområde. Illustrasjon: Asplan Viak

02

Inndeling i delområde og verdivurdering. Illustrasjon: Asplan Viak
Inndeling i delområde og verdivurdering. Illustrasjon: Asplan Viak

03

Landskapsanalyse i Os kommune

Prosjektkategori

Analyse og utgreiing

Tidsrom

April 2018 – mars 2019

Om prosjektet

Asplan Viak har utarbeida landskapsanalyse for heile Os kommune. Overordna føremål med analysen er å få eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for langsiktig bruk og vern av areal i kommunen.

Analysen skal være et landskapsfagleg grunnlag for rullering av kommuneplanens arealdel (KPA). Landskapsanalysen er på eit overordna nivå tilpassa kommuneplannivået. Analysen kartlegg og analyserer ulike område sin landskapskarakter og –verdi, og legg slik grunnlaget for å gjere bevisste val i møtet med landskapsverdiar og vekst/ fortettingssoner i kommunen. Dette gjeld særleg Osøyro som kommune- og regionsenter og dei definerte nær-sentra Lysefjorden, Nore Neset, Søfteland, Søre Neset og Søre Øyane.

Arbeidet ble gjennomført med utgangspunkt i Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvarens rettleiar «Metode for landskapsanalyse i kommuneplan». Webkart i ArcGis Online ble brukt som arbeidsverktøy og samhandlingsverktøy. Arbeidet er utført i nært samarbeid med kommuneadministrasjonen.

Kommunen var veldig fornøyd med landskapsanalysen og skulle ønske de hadde denne analysen som grunnlag allerede da de la inn nærsentra i kommuneplanens arealdel.

Landskapsanalysen kartlegg og analyserar landskapstypar og landskapsverdiar, og legg grunnlaget for vidare utvikling av strategiar for dei fire hovudpunkta kommunen har skildra som mål for bruk av analysen:

  1. Grunnlag for fastsetting av byfjell/markagrense i KPA
  2. Identifisering og avgrensing av særleg verdifulle regionale og lokale landskapsområde
  3. Grunnlag for sikring av landskapsverdiar mot utbygging i fortettingsområde/ sentrumsområde
  4. Grunnlag for krav til landskapsanalyse på reguleringsnivå

I tillegg til desse fire bruksområda kan landskapsanalysen nyttast som grunnlag for å vurdere landskapskonsekvensar av innspel til kommuneplan og andre plan- og utbyggingstiltak.