Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

01

Statlege forskingsarbeidsplassar i Møre og Romsdal

Prosjektkategori

Samfunnsanalyse

Tidsrom

2018-2019

Om prosjektet

Asplan Viak har vore engasjert av Møre og Romsdal fylkeskommune for å identifisere moglege strategiar for å få fleire statleg finansierte forskingsarbeidsplassar til Møre og Romsdal.

Arbeidet har vore ein del av eit større arbeid i fylkeskommunen for å auke talet på statlege arbeidsplassar i fylket. I tillegg til å dokumentere forskingsmiljøa i fylket, gjennomførte Asplan Viak ei grundig kartlegging av rammevilkår for statlege forskingsarbeidsplassar. Her blei det trekt inn kunnskap om, og analyser av, både nasjonale og internasjonale trendar innanfor forsking og verdiskaping.
Arbeidet er basert på dagens rammevilkår for forskingsarbeidsplassar finansiert av statlege midlar, eksisterande forskingsmiljø i Møre og Romsdal og idéverkstader med deltakarar frå høgskular, universitet, Forskingsrådet, ulike forskingsinstitusjonar og klynger i fylket, og representantar frå fylkeskommunen.
I prosjektet er det skissert nokre moglege strategiar og retningar for det vidare arbeidet som skal gjerast av fylkeskommunen i samarbeid med forskingsmiljøa i fylket. Det er mellom anna peika på nokre moglege satsingsområde som vil møte eit behov for auka forsking tida som kjem, og føreslått ein handlingsplan med delmål til kvart satsingsområde. Dette er eit utganspunkt for vidare arbeid i fylket, der den endelege strategien må forankrast blant aktørane i høgskular, universitet, forskingsinstitusjonar og næringsliv, slik at ein kan jobbe saman mot målet.