Geilo gravlund frå aust. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Geilo gravlund frå aust. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

01

Geilo gravlund frå nordaust. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Geilo gravlund frå nordaust. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

02

Nærbilde. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Nærbilde. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

03

Geilo kulturkirke med Slåttahølen. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Geilo kulturkirke med Slåttahølen. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

04

Områdedetaljer. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Områdedetaljer. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

05

Geilo gravlund - murdetalj. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak
Geilo gravlund - murdetalj. Foto: Marianne Laa / Asplan Viak

06

Geilo gravlund - mur på vinterstid. Foto: Jan Hågård
Geilo gravlund - mur på vinterstid. Foto: Jan Hågård

07

Geilo gravlund - illustrasjonsplan. Illustrasjon: Asplan Viak
Geilo gravlund - illustrasjonsplan. Illustrasjon: Asplan Viak

08

Geilo gravlund - utviding og utomhus Geilo kulturkyrkje

Prosjektkategori

Gravplasser

Lokasjon

Geilo, Hol kommune.

Tidsrom

2011-2017

Om prosjektet

Prosjektet omfattar utviding av eksisterande gravplass med 580 nye kistegraver og 75 nye urnegraver, samt prosjektering av utomhus og parkering rundt det nye kyrkjebygget. Dette ble ferdigstilt i 2014. Prosjektet omfatta heile prosessen frå skisser til oppfølging på byggeplass. Omgjering av felt L til muslimsk felt, utstikkingsdata og revidert oversiktsplan og gravplassplan i 2017.

Prosjektet baserer seg på skisseprosjektet for hovudorganiseringa av heile det regulerte området (signert underteikna i 2002). Dette vart utarbeidd i samband med prosjektet Geilo kulturkyrkje, og låg også til grunn for den utvidinga som vart gjort av eksisterande kyrkjegard i 2004. Geilo kulturkyrkje vart vigsla og teken i bruk i november 2010, men utomhus vart det berre gjort det aller mest nødvendige seks meter ut for bygget, samt bygd parkeringsplass. Difor var prosjektet ”utomhus Geilo kulturkyrkje” også med i dette prosjektet, samt oppgradering av parkeringsplassen, etter krav om universell utforming og tryggleik for gåande. Sjølve kyrkjegardsutvidinga ligg sør for kyrkjebygget og aust for eksisterande kyrkjegardsområde.

Eit hovudmål i planprosessen har vore å få utnytta arealet best mogeleg til gravareal, fyrst og fremst for kistegraver. Den mest ”kultiverte” delen av kyrkjegarden er «sletta» sør for kyrkjebygget, og denne er difor også tettast lagt med graver. Grunnvatnet står høgt i området, så det var nødvendig og  naturleg å fylle seg opp over eksisterande terreng for å få til ein god kyrkjegard i høgde med kyrkja.

Den eksisterande kyrkjegarden vart knytt saman med den nye delen med ei fortsetjing av grusvegen på utsida av området i sør. Hovudprosesjonsvegen i aksen nord/sør ligg slik til at den skal vere like naturleg å bruke både til den nye og den eksisterande delen av kyrkjegarden.

For å gjere samanhengen mellom ny og eksisterande del god og riktig vart det brukt berre stadeigen, naturleg vegetasjon som bjørk, rogn, norsk furu, ullvier, grønnvier og einer. I tillegg er det lagt ut nokre store natursteinar som det er mykje av inne i skogen på kollen. Denne materialpaletten gjev ei forsetjing av ”naturkyrkjegarden”, men i eit kultivert og reint formspråk, i kontrast til eksisterande del. Den tosidige kyrkjegardsmuren vil ligge som ein ”demning” mot naturmarka i nord, og tek att elementet med muren ut mot riksvegen i sørvest, på den eksisterande delen. Den er med å definere uterommet ved kyrkja, og hentar opp assosiasjonar til tradisjonelle kyrkjegardsanlegg, men også til steinugardane i kulturlandskapet i Hallingdal. Det vart også planlagt lik møblering på både eksisterande og ny del for å understreke heilskapen i det store anlegget.

Eksisterende gravplass i den lette skogen har fått form og struktur ute på sletta, i møte med det nye kirkebygget og vannspeilet i Slåttahølen.

Området som skulle fyllast opp for å komme over grunnvassnivået, var i utgangspunktet eit myrområde med ei nyare fylling over. Det viste seg at alle massene måtte ut i eit mykje djupare skikt enn kalkulert, for å få ut dei ustabile myrmassane i botn. Dette vart løyst med ei drenerande fylling av grov kult nederst, samt metting og duk, under kistegravmassane.