Illustrasjon punkt 1 til illustrativt romprogram: eit moderne og kompakt fengsel i lyngheiane på vestlandet. Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon punkt 1 til illustrativt romprogram: eit moderne og kompakt fengsel i lyngheiane på vestlandet. Illustrasjon: Asplan Viak

01

Gjennomsnittleg reisetid frå alle innbyggjarane i heile regionen. Fig. 1: Asplan Viak
Gjennomsnittleg reisetid frå alle innbyggjarane i heile regionen. Fig. 1: Asplan Viak

02

Fig. 2: Reisetidsdiagram. Illustrasjon: Asplan Viak
Fig. 2: Reisetidsdiagram. Illustrasjon: Asplan Viak

03

Illustrasjon punkt 2 til illustrativt romprogram. Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon punkt 2 til illustrativt romprogram. Illustrasjon: Asplan Viak

04

Illustrasjon punkt 3 til illustrativt romprogram. Illustrasjon: Asplan Viak.
Illustrasjon punkt 3 til illustrativt romprogram. Illustrasjon: Asplan Viak.

05

Illustrativt romprogram av fengsel- tomta på Ekrene. Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrativt romprogram av fengsel- tomta på Ekrene. Illustrasjon: Asplan Viak

06

Nytt fengsel på Haugalandet

Prosjektkategori

Helse- og omsorgsbygg

Lokasjon

Ekrene, Sveio

Tidsrom

2015

Om prosjektet

Eit nytt fengsel på Haugalandet må tene heile regionen. For å gjere det må ein sjå etter ei lokalisering som gjer at flest mogleg kan vitja fengselet lettast mogleg.

 

EKRENE – MIDT I REGIONEN

Ekrene ligg tett opptil det geografiske sentrum med kortast gjennomsnittleg reisetid og analysen “gjennomsnittleg reisetid frå alle innbyggjarane i heile regionen” (Fig. 2) viser at Ekrene er ideell til føremålet.

 

ILLUSTRATIVT ROMPROGRAM

Teikninga (illustrasjon 1) viser at det er mogleg å utvikle eit godt og moderne fengsel her. Topografi og natur er eigna til føremålet og storleiken til tomten gjer utvidingar av fengselet mogeleg. Murane som er vist er tilpassa tomten si topografi, og naudsynte sikkerhetssoner er vist i illustrasjonen. Me er sikre på at Ekrene tilfredsstiller alle ynskjer departementet har kring eit nytt fengsel, og at Ekrene derfor er eit rett val for lokasjon av eit nytt felles fengsel mellom Stavanger og Bergen.

 

TOMTEN

  • Ligg sentralt plassert ved Fv47
  • 220 daa
  • Avsett til offentleg føremål
  • Skjerma iht anna bygnad
  • Småkupert – treng ikkje store inngrep

 

STORLEIK

  • Skissert for 100 innsette
  • Kompakt fengsel (jamfør Statsbygg sine retningslinjer) – 9300 m2 bygg
  • Areal innanfor murane 74 daa
  • Moglegheit for ei større utviding av fengselet

 

INFRASTRUKTUR

  • Buss ved Fv47
  • Ligg ved Fv47 nær E39 og E134
  • Ligg nær flyplassar
  • Enkelt å knytte til eksisterande vannavløp- og fiberanlegg

 

ØKONOMI

  • Lett å legga inn i landskapet utan store inngrep og kostnadar
  • Lyngheilandskapet gjev lav grad av skjøtsel – betre driftsøkonomi
  • Eksisterande infrastruktur og reguleringsføremål etter gjenomføringa

 

 

SVEIO, MIDT I LEIO

I det kompakte, effektive fengselet, blir dei stadeigne kvalitetane avgjerande for gode tilhøve for soning. Eit vestnorsk fengsel må få identitet frå fjordlanskap, og lynghei. Fengselet si utforming innanfor murane må spegle staden si identitet. Slik blir fengselet og omgjevnadene sine naturgitte moglegheiter med å styrke prosjektet sin identitet. Dette vil gje gode tilhøver for soning og ein tydeleg regional forankring.

Sveio kommune ligg strategisk til midt i ein sterk region, med nærleik til det meste. Kommunen er nær storbyen, men samstundes landlig. Det er kort avstand til sjukehus og spesialhelseteneste. Sveio har flott variert natur og landskap med moglegheit for aktivitetar som padling, fiske, bading, sykling og turgåing. Det er rik tilgang til friluftsliv med lune vikar, innlandsvatn og fjell. Det er eit variert og godt utdanningstilbod i regionen, med vidaregåande skular og høgskule ikkje langt unna. Eit variert idrett- og kulturtilbod, med til dømes Ryvarden kulturfyr, Fartein Valen-heimen og Sveio Golfpark. Sterke næringsklynger finst i nærleiken. Og kommunen har god vegtilkomst frå E39 (nord/sør), E134 (aust/vest) og Fv47. Sveio er ein ideell plass for å lokalisere eit regionalt fengsel.