Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak

01

02

03

04

05

06

07

08

Valestrand - DIVE analyse

Lokasjon

Valestrand, Osterøy kommune

Tidsrom

2008-2009

Om prosjektet

Rapporten er ein kulturhistorisk stadanalyse utarbeidd i samsvar med DIVE-metoden, som er utvikla av Riksantikvaren.

Garveribygningane på Valestrand representerer eit unikt industrimiljø av nasjonal verdi som vart utvikla gjennom 100 år frå 1860-åra. Det er inga verksemd i bygningane i dag. Det hastar å få gjort ei vurdering av bygningane sin verdi og framtid, både av omsyn til eigarane av bygningane, og av omsyn til trongen for retningsliner for vidare utvikling av staden.

Rapporten er ein kulturhistorisk stadanalyse utarbeidd i samsvar med DIVE-metoden, som er utvikla av Riksantikvaren. Ei DIVE-analyse er ein kreativ, kritisk arbeidsprosess basert på medverknad. Målet er å medverke til at dei kulturhistoriske kvalitetane og moglegheitene på staden vert  tekne vare på,  og aktivisert som fellesgodar i utviklinga av staden. Gjennom fire målretta trinn vert historisk informasjon omdanna frå passiv til operasjonell kunnskap. I løpet av prosessen vert området skildra med omsyn til det kulturhistoriske: 1) karakter, 2) meining, 3) moglegheiter og 4) rom for handling. Dette skjer  gjennom ein serie arbeidstrinn som skildrar, tolkar, vurderer og aktiverer.