Illustrasjon: MIR/ Nordic office of Architecture
Illustrasjon: MIR/ Nordic office of Architecture

01

02

Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak

03

04

Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

05

Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak

06

Foto: Asplan Viak
Foto: Asplan Viak

07

Voss knutepunkt - områdeplan

Lokasjon

Vossevangen, Voss kommune

Tidsrom

2011-2013

Om prosjektet

Voss kommune er Hordalands einaste innlandskommune og fylkets største i areal. Bergensbanen, E16 og Rv13 går alle gjennom kommunen, og kommunesenteret på Vossevangen med Voss stasjon er eit sentralt trafikknutepunkt.

I 2011 fekk Asplan Viak AS i oppdraget med å utarbeide områdereguleringsplan med konsekvensutgreiing for modernisering og vidareutvikling av trafikk-knutepunktet ved Voss stasjon, på bakgrunn av eit mulegheitsstudium utført av Norconsult. Oppdragsgivar var ROM Eigedom, i samarbeid med Voss kommune, Statens Vegvesen, Hordaland Fylkeskommune/Skyss, Jernbaneverket og NSB. Planarbeidet vart utført i nært samarbeid med desse etatane, som utgjorde styringsgruppa for arbeidet. Planen vart vedtatt 14.02.2013.

Områdeplanen legg til rette for ei samordning mellom jernbanestasjonen, ny bussterminal, drosjehaldeplass og pendel-/innfartsparkeringsanlegg.  I tillegg er det planlagt nytt hotell og areal for kontor, forretning og bustader i og langs stasjonsområdet. Det unike ved utviklinga av kollektivknutepunktet er at det også legg til rette for etablering av ein ny, større by-gondolbane rett frå Voss sentrum på 50 moh til toppen av Hanguren på vel 800 moh. Områdeplanen stiller krav om detaljregulering av gondolbanen.

Sentrale problemstillinger

Landskapsrommet ved Vangsvatnet og eit verneverdig historisk bygningsmiljø som omfattar sjølve stasjonsbygningane, mellomalderkyrkja og Vossevangens etterkrigsarkitektur, har lagt viktige føringar for planarbeidet. Andre viktige omsyn har vore eksisterande bustadområde i området kring stasjonen. Jernbanen har vore og er viktig for utviklinga på Voss, men er samstundes ein sterk fysisk og visuell barriere i lokalmiljøet. Sentrale problemstillingar ut over dei trafikale løysingane har vore å balansere eit godt og funksjonelt kollektivknutepunkt med byrom og arkitektur som byggjer opp om, og vidare på Vossevangen sine karaktertrekk i byggjeskikk, historie og landskap.

Skisseprosjekt for utforming av nytt kollektivknutepunkt med bussterminal, nytt stasjonsbygg for gondolbane og hotell er utarbeidd av samarbeidspartnar Nordic Office of Architecture (tidl. Narud Stokke Wiig). Andre viktige utgreiingar gjennomført i samband med planarbeidet omhandlar mellom anna trafikkforhold og parkering, passasjer- og jernbanetryggleik, og konsekvensutgreiing for kulturminne og kulturmiljø. Underkonsulentar i planarbeidet har vore Sweco og siv.ing. Helge Hopen.

 

Les meir om planen her:
Vossakart

 

Plankart og foto: Asplan Viak