Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

01

Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

02

Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

03

Illustrasjon: Asplan Viak
Illustrasjon: Asplan Viak

04

Os - Livet på Osøyro

Lokasjon

Osøyra, Os kommune

Tidsrom

2013 - 2014

Om prosjektet

Prosjektet «livet på Osøyro» skapar utviklingstankar i vest, Asplan Viak hadde oppdraget med å utforma Stadanalyse og moglegheitsstudie for Osøyro.

Asplan Viak prosjekt blir godt motteke i Os kommune! Prosjektet «livet på Osøyro» skapar utviklingstankar i vest. Stadanalyse og moglegheitsstudie for Osøyro blei presentert for eit samla formannskap, næringsdrivande og administrasjon i Os kommune til stor applaus og tverrpolitisk einighet. «Enkel genialitet» var ordførar Terje Søviknes og utviklingssjef Fredrik Seliussen si betraktning av analysen. Og både media, tilhørarar og befolkninga synast no einige om at vi no har ein felles og visjonær veg å gå.

Oppdraget har vore gjevande og flott. Os kommune er spådd som ein av Noregs kommande vekstkommunar, og liggjande rett sør for Bergen, med nye stor infrastrukturprosjekt på trappane, kan ein forstå kvifor. Asplan Viak vann oppdraget i sterk konkurranse med fleire andre svært dyktige fagmiljø, og saman med arbeidsgruppa har prosjektet vore utforma. Ein stor takk til deltakarane der, leia av ordførar Terje Søviknes.

Vi trur det er ein stor fordel at prosjektet har vore bemanna av både fagleg dyktige folk frå administrasjonen i Os, men også det politiske nivået, grunneigarar og næringsdrivande. Denne gruppa som har vore med i arbeidet utgjer mange av dei drivkreftane som er avgjerande for Osøyro sin vidare utvikling. Den gode mottakinga prosjektet har fått styrkar dette biletet. Analysen har kanskje makta å samle kommunen kring ein solid og berekraftig visjon om framtidig utvikling.

Tiltaka som er foreslått spenner frå eplelundar, parkareal, festplassar og torg, til bustadblokkar høghus og næringskvartal. Eit kombinert parkering/kollektivstasjon og kontor/restaurantbygg har det også blitt plass til. All overflateparkering er soleis fjerna, og grøne kvalitetar har for første gang kome til syne i kommunesenteret Osøyro. Vi i Asplan Viak har stor tru på vegen vidare!

Les noen av artiklene som har vært i media:

Midtsiden - Parkering ein nøkkel  
midtsiden.no

Midtsiden - Slik kan Osøyro bli 
midtsiden.no

Bergens Tidende - Er Os klar for dette? 
bt.no