Høringer/kunngjøringer

Planframlegg til uttale: Årstad, gnr. 162, bnr. 1286, Høgskolen, Kronstad, reguleringsendring etter forenkla prosess - Arealplan ID: 17190004

11. Oktober 2019

Asplan Viak AS foreslår på vegne av Statsbygg/Kruse Smith Entreprenør AS endring ved forenkla prosess etter reglane i plan og bygningslova § 12-14. Dette gjeld for detaljreguleringsplan for Høgskolen i Bergen (PlanID: 7190003, vedtatt 20.09.2016) og for søre del av reguleringsplan for bybanen (PlanID: 64040000, vedtatt 21.06.2017).
Planområdet ligg på Kronstad i Årstad bydel.
I arbeid med utbygging av området er det oppdaga høgdeforskjell på om lag 1,7 meter mellom prosjekterte vegar i ovannemnde reguleringsplanar.
Hovudgrepet i endringsframlegget er då å løyse høgdeforskjellen mellom dei to reguleringsplanene slik at planane for bybanen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) vert realiserbare og moglege å gjennomføre. Samstundes skal ny plan (PlanID:17190004) gje rom for å sikre tilkomsten til HVL og tomten for den framtidige utviklinga av HVL, på nordsida av det regulerte bybanesporet.


Høyring
Planframlegget datert 30.09.2019 med vedlegg, vert med dette lagt ut på høyring for uttale i tidsrommet 14.10.2019- 11.11.2019. 
Uttalar må være journalført seinast 11.11.2019, og sendast til postmottak.planogbygg@bergen.kommune.no 
Sakshandsamar kan kontaktast på telefon: 408 19 083 eller på e-post: diana.grundt@bergen.kommune.no