Høringer/kunngjøringer

Varsel om oppstart av detaljregulering for kryss Arseta Sør

03. Juni 2019

I medhald av § 12‐2 og § 12‐8 i plan‐ og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av Detaljregulering for kryss Arseta Sør, gbnr. 38/389 m. fl. Planen er etter kommunen si vurdering i samsvar med gjeldande plangrunnlag, og fører ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan‐ og bygningslova. Det er allereie gjort ei konsekvensutgreiing for området i samband med kommunedelplanen for Rongøy. Planområdet ligg på Rong, og omfattar del av fylkesveg 561 mellom Rong sentrum og Storevarden. Forslagsstillar er Øygarden kommune. Plankonsulent er Asplan Viak AS.

 

Føremål med planarbeidet
Føremålet med planen er å regulera nytt vegkryss på vestsida av fylkesveg 561 Rongøyvegen sør for Arseta, og ny tilkomstveg til bustadområde aust for fylkesvegen. Denne skal gå i kulvert under fylkesvegen. Det skal og leggast til rette for ny gang‐ og sykkelveg langs fylkesvegen, og for nye
tilkomstvegar for eksisterande bustadfelt på Austemarka, Gjetlingavegen, Arsetlia og Medarseta. Planarbeidet skal ha særleg fokus på andskapsverknader og gode løysingar for mjuke trafikantar.

 

Planavgrensing
Planområdet ligg mellom Rong sentrum og Storevarden, og omfattar fylkesvegen med eksisterande tilkomstvegar til tilgrensande bustadfelt. I nord grensar planområdet til områderegulering for Rong sentrum for leggje til rette for eit samanhengande gang‐ og sykkelsystem til sentrum. I aust grensar planområdet til framtidig bustadfelt B13 i kommunedelplanen for Rongøy. I vest går delar av planområdet inn på eksisterande bustadfelt for å kunne sikre tilstrekkeleg areal for ny lokalveg med felles renovasjonspunkt, terrenghandsaming, og tilpassing til eksisterande avkøyrsler. Samla planareal ved varsling er ca. 68,1 daa.

 

Gjeldande planstatus
I Kommunedelplanen for Rongøy, vedteken den 31.10.18, er planområdet i hovudsak sett av til føremålet «veg». Området er vist på plankartet som RD, med krav om detaljregulering før det kan gjevast løyve til tiltak etter pbl § 20‐1. Detaljregulering for nytt kryss med fv. 561 sør for Arseta skal også vise tilkomstveg til eksisterande avkøyrsle til Austevarden, gang‐ og sykkelveg på strekninga, tilkomst til B11, B13 og eksisterande bustader BE. Det skal i detaljregulering av nytt kryss setjast krav om etablering av gangveg frå område B13 vidare langs fv. 561 fram til eksisterande undergang ved Rong senter, og krav om etablering av gang‐ og sykkelveg frå ny tilkomstveg til eksisterande g/s‐veg langs vestsida av fv. 561. Langs austsida av fylkesvegen går sikringssone H190 som sikrar 300kV høgspentkabel i lukka grøft. Sikringssona gjeld 24 meter frå senterlina til kabelgrøfta. Aust for fylkesvegen er det faresone H370 til jordkabelgrøfta for 300kV høgspentkabel. Faresona gjeld 2 meter rekna frå senter  jordkabelanlegg.

 

Vidare planprosess og frist for å kome med merknader
Grunneigarar, naboar, offentlege og private høyringsinstansar vert skrivne til direkte eller på e‐post. Merknader til planoppstart i form av synspunkt, opplysningar eller forslag som kan ha innverknad på planarbeidet bør kome fram så tidleg som mogleg.

 

Frist for å kome med merknader og innspel til planarbeidet er sett til 17. juni 2019. Fristen er kortare enn vanleg, men ein kan opprette dialog med Øygarden kommune direkte dersom det skulle vere av interesse. Kontaktperson i kommunen er Sven Selås Kallevik, e‐post: svekal@oygarden.kommune.no.

 

Merknader og fråsegn til planoppstart kan sendast til: Asplan Viak AS, Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen. Att: Thuy‐Duong Thi Vu eller
på e‐post: thuyduong.vu@asplanviak.no. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Asplan Viak AS v/ Thuy‐Duong Thi Vu, tlf. 454 18 194 /
e‐post: thuyduong.vu@asplanviak.no

 

Alle skriftlege merknader og fråsegner vert lagt ved når forslag til plan vert sendt inn til kommunen for sakshandsaming og vedtak om offentleg høyring. Det vil og vere høve til å kome med merknader til sjølve planforslaget når dette vert lagt ut på høyring.