Asplan Viak sentral i arbeidet med Noreg sitt første UNESCO biosfæreområde

29. August 2019

Meiner alvor: Asplan Viak jobbar for berekraft både lokalt og nasjonalt. Foto: Rita Sæle Langeland

Asplan Viak har lang erfaring med å jobbe med berekraft i mange ulike prosjekt, og skal no leie strategiprosessen for Noreg sitt første UNESCO biosfæreområde i Nordhordland.

 

UNESCO si verdsarvliste er velkjend, og UNESCO sitt biosfæreprogram er ein parallell til dette. Men i motsetnad til verdsarven er ikkje målet å verne biosfæreområda, men å bruke og utvikle dei på ein berekraftig måte. Utnemninga av Nordhordland er viktig både lokalt og nasjonalt og blir sentral i arbeidet med å følgje opp FN sine berekraftsmål.
 

Kva er eit biosfæreområde?

Det er ikkje nødvendigvis enkelt å forstå kva eit biosfæreområde er, og kva nytte kommunane, næringslivet og innbyggarane vil ha av satsinga. For å få til ein god oppstart for biosfæreområdet er det sentralt å utvikle ein strategi for arbeidet.

Det skal bli veldig spennande å få vere ein del av dette arbeidet, seier May Britt Hernes, som er oppdragsleiar for prosessen og jobber ved Asplan Viak sitt kontor i Bergen.

Eit biosfæreområde er eit avgrensa geografisk modellområde som pliktar seg til ei framtidsretta og berekraftig utvikling. Målet er å forbetre forholdet og balansen mellom menneske og miljøet dei lever i, gjennom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikre ei god samfunnsutvikling. 
 

Kartfortelling blir viktig verktøy

Det er eit team frå Asplan Viak sitt kontor i Bergen som skal involvere, engasjere og informere om biosfæreområdet. Gjennom fem medverknadsmøter og arbeidsverkstad hausten 2019 skal dei bidra til å skape lokalt engasjement og få på plass viktige strategiar og tiltak for å sikre ein god start for Nordhordland biosfæreområde.

Se kartfortellinga vår (StoryMap) om prosessen her. Ho kjem til å bli brukt som eit viktig formidlings- og medverknadsverktøy gjennom heile prosessen.

 

Kulturlandskap og lokal matproduksjon

For Nordhordland betyr deltaking i programmet auka forskingsaktivitet, satsing på ny og grønare næringsutvikling, eit løft for reiselivet og deltaking i EU-prosjekt. Biosfæreprogrammet vil støtte opp om lokale prosjekt som for eksempel kan ta vare på kulturlandskapet og auke lokalmatproduksjonen.

Det er elleve kommunar som til saman utgjer Nordhordland biosfæreområde: Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Øygarden kommunar.