Endra klima endrar landskapet

07. Mars 2016

Illustrasjon: Charlotte Hvidevold Hystad / Stine Bitustøyl Askje.

Endringar i klima gir utfordringar knyta til tryggleik for flaum og skred. Landskapsinngrep, knyta til risikoreduserande tiltak, er moglegheiter for å skape positive kvalitetar utover sikringstiltaket, og bør tenkast saman med vidare by- og tettstadsutvikling.

Vatn er ein tydeleg indikator på endringar i klima. Aukande nedbørsmengder og varmare temperaturar vil gi fleire og kraftigare flaumar. Sterkare krefter i vassdrag gir større fare for ras og skred. I følgje Stortingmelding 15 (2011/12) er flaum og skred, saman med storm, i dag dei naturfenomen som gjer størst skade og tar flest menneskeliv i Norge (1). Med eit framtidig våtare og villare klima vil skadeomfang og tal på menneskeliv kunne auke.

Kreftene og prosessane i vatn står i ei særstilling som drivkraft for andre landskapsprosessar; som avsetningar og erosjon i elveløp, vegetasjonsvekst og ivaretaking og framvekst av dyre- og fuglehabitat. Den framtidige by – og tettstadsutviklinga krev nye, alternative måtar å samhandle med naturen på, med større fokus på dei dynamiske kreftene i landskapet. Rett kunnskap tidleg i planleggingsprosessen vil sikra betre og meir samfunnsøkonomiske løysingar i både store og små prosjekt.

 

«Den framtidige by – og tettstadsutviklinga krev nye, alternative måtar å samhandle med naturen på, med større fokus på dei dynamiske kreftene i landskapet. »

Charlotte Hvidevold Hystad, Landskapsarkitetkt

Store landskapstiltak skapar eit nytt landskap over tid, og inkluderar storskala infrastruktur og ulike offentlege program. Illustrasjon: Charlotte Hvidevold Hystad / Stine Bitustøyl Askje.

Errosjonssikringar gir gangstiar langs elva. Illustrasjon: Charlotte Hvidevold Hystad / Stine Bitustøyl Askje.

Utforming gjennom kunnskap

I diplomprosjektet Dynamisk landskap, utarbeida ved AHO våren 2008, tok me utgangspunkt i denne situasjonen. Prosjektet er eit eksempelstudium i planleggjing og utforming av risikoreduserande tiltak for flaum og kvikkleireskred. Dette vart utforska med tanke på å skape tryggare omgivnader for eksisterande busetjing og infrastruktur, samt skape grunnlag for sikrare område for vidare tettstadsutvikling. Landskapsinngrepa skulle samstundes gjere naturområda meir tilgjengelege, og heve kvaliteten og opplevinga av det å vere i landskapet.  
Studieområde Gauldalen, sør for Trondheim, er eit skulpturelt lausmasselandskap der delar av dei busette områda ligg på underliggande kvikkleire. Gaula er ei utprega flaumelv med raske vasstigningar. Dynamikken frå eit stort nedbørsfelt får utløp på den flate elvesletta. Aktive naturprosessar omskapar elvelandskapet kontinuerleg. Dalen treng store risikoreduserande tiltak for båe flaum og kvikkleireskred for å gjere omgjevnadane tryggare for eksisterande busetjing og infrastruktur.

Som strategi nytta me dei dynamiske landskapsprosessane som retningsgivande struktur ved utvikling og inngrep i landskapet. Eit viktig verkty i prosjektet var difor å forstå desse gjennom undersøkingar i ulik skala. I tilnærmingar til risikoprega landskap bør det knytast nære linjer mellom kunnskapstileigning og konkret planlegging og prosjektering; utforming gjennom kunnskap. Undersøkingane våre vart difor nytta aktivt til å formgi svar på konkrete, lokale utfordringar på to mindre tettstadar i dalen; Kvål og Ler. Busetjingane er lokalisert i kvikkleireskråningar, og elvevatnet utfordrar stabiliteten i begge områda.

På Kvål er utfordringane løyste med konstruerte hinder, buner, i elveløpet til å sette i gang visse mønster av sedimentasjons- og erosjonsprosessar. Dette omdirigerer gravinga til elva mot område utan skredfare. Eit nytt og sikrare landskap vert utvikla over tid. På Ler er murar og plastringar i elveløpet nytta for å hindre erosjon i underliggande kvikkleire. Vegetasjonsbruk, teksturar og oppdemningar av elva vart då viktige element for å forhindre auka vasskraft. Dei nye tiltaka i begge områda gjer landskapet i stand til å reagere og tilpasse seg naturgitte variablar. På Kvål er det løyst gjennom å arbeide med dei eksisterande landskapsprosessane, på Ler gjennom å stoppe dei eksisterande prosessane og la vasskreftene arbeide på andre måtar i elveprofilet.

Vasskreftene vil reagere på alle endringar i elveløpet. Ein må vere medviten på korleis ein arbeider med dei og kva framtidige scenario dei nye inngrepa kan skape. Ved å forstå konsekvensane i forkant av inngrepa, vil ein kunne kvalitetssikre dei planlagde inngrepa sett opp mot langsiktig samfunnstryggleik og -økonomi. Samstundes kan ein nytte prosessane som ein resurs til å medvite skape landskap som tilpassar seg endringar og utviklar seg over tid.

Moglegheitane

Kan landskapsinngrep knyta til faremoment i landskapet, nyttast til å skape positive kvalitetar for det omkringliggjande miljøet?

På Ler fungerer dei langsgåande erosjonssikringane som gangstiar langs elva, medan tersklane, som demmer opp vatnet i elva, skaper tverrforbindelsar mellom dei to elvesidene. Oppdemningane i elva gir reduksjon av næringsstoffavrenning frå tilgrensande dyrka mark, samstundes som det senkar farten på vatnet. Dei risikoreduserande tiltaka lettar tilgangen til naturopplevingar, samstundes som sjølve vasskvaliteten i elva vert heva.

På Kvål femnar moglegheitene i tiltaka om program i stor skala; blant anna inkorporerer dei naudsynte landskapstiltaka ny trasé for E6. Reiseoppleving gjennom landskapet, saman med dei tekniske vilkåra for masseflytting i kvikkleireskråningar, danna her forutsetjingane for den nye landskapsforminga. I elveløpet vil endringane av vasskreftene danne ei ny våtmark over tid. Det er medvite nytta konstruksjonar som også gir moglegheit for offentlege program som turvegar og fiskeplassar. Tiltaka framhevar opplevingar og kvalitetar av det å vere i landskapet, samstundes som det legg til rette for økologiske verdiar.

Kunnskapen

Teikna på klimaendringar får regionale uttrykk i høve til stadspesifikke landskap, og utfordringane vert ulike frå region til region. Kreftene som verkar på landskapet er derimot dei same, og dei vil oppføre seg på tilnærma same måte. Kombinasjonen av desse vil vere ei viktig kunnskapsplattform for å gi svar på utfordringane me står ovanfor.

 


(1) Det kongelige olje- og energidepartement, Meld. St. 15 (2011-2012), Hvordan leve med farene – om flom og skred