Nasjonalparkane i Noreg med ny merkevarebygging

25. November 2015
Frå den steinlagte stigen opp på Hallingskarvet frå Prestholt. Foto: Asplan Viak.

Frå den steinlagte stigen opp på Hallingskarvet frå Prestholt. Foto: Asplan Viak.

Asplan Viak står for fleire pilotprosjekt.

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ein felles merkevarestrategi for nasjonalparkane. Denne skal gje nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet. Strategien skal hjelpe til å styrkje nasjonalparkane som attraksjonar for besøkjande gjennom høg kvalitet på tilbodet deira, i og rundt parkane. Parallelt med merkevarestrategien skal eit utval av nasjonalparkane lage besøk strategiar for å førebu seg på auka tilstrøyming. Dei fire pilotparkane er Rondane, Jotunheimen, Varangerhalvøya og Hallingskarvet nasjonalparkar. Innfallsportar skal etablerast som strategiske verktøy i forvaltninga av nasjonalparken. Målet med arbeidet har vore å sjå på korleis ein kan legge til rette for ein eller fleire større innfallsportar for nasjonalparkane, etter utkast til den nye vegleiaren frå Miljødirektoratet; Innfallsportar retningslinjer for prosjektering. I samband med den nye merkevarebygginga er det også utarbeidd eit nytt, felles skiltprogram for nasjonalparkane. Hallingskarvet nasjonalpark er den fyrste parken som har fått utarbeidd eit forprosjekt for konkret bruk av det nye skiltprogrammet, for sine start- og informasjonspunkt.

Asplan Viak sine landskapsarkitektar ved Hamar- og Ål - kontoret, har hatt mogelegheitsstudia for innfallsportar for to av dei fire pilotparkane; Jotunheimen og Hallingskarvet nasjonalparkar, samt forprosjekt på start- og infopunkt for Hallingskarvet nasjonalpark.